1890åra, eit paradigmeskifte?

1870 – 1900: REALISME, NATURALISME, IMPRESJONISME, DEKADANSE
Kjært barn har mange namn, og dei siste tretti åra av 1800-talet har ein opphopning av litteraturhistoriske termar festa til seg. Det alle desse termane i det minste viser, er at det var ein periode der mange ting skjedde. Ikkje overraskande var det ikkje berre i litteraturen det hende omveltingar. Ein meir generell historisk merkelapp på siste halvdel av 1800-talet er ”Det store hamskiftet”, som kort sagt inneber industrialisering og overgangen frå naturalhusstell til pengehusstell. Aldri før hadde så mange forandringar funne stad på så kort tid. Store forandringar fann stad også i politikken, som eksempel kan nemnast innføringa av parlamentarismen i 1884. Nye tider krev ny litteratur.

Så kva er så den nye litteraturen? Det er vanleg å snakke om det moderne gjennombrottet i Norden, gjerne brukt synonymt med epoketermen realismen (sjå for eksempel Engelstad 1995:102). Ein periode som i den eine enden begrenses mot romantikken – som det jo også er vanleg å sjå realismen som ein reaksjon på, og mot naturalismen i den andre enden. Overgangen mellom realismen og naturalismen er ikkje fullt så klar, det er vel heller ikkje uvanleg å sjå på naturalismen som ein ekstrem variant, i alle fall som ei direkte vidareføring, av realismen. Der romantikken var lyrikken sin epoke, blei det no romanen sin tidsalder.

Da den lyriske genre ble skjøvet til side i 1870- og 80-årene, var det prosalitteraturen som overtok […] Det som skjedde blant forfattere og publikum, var en forskyvning i oppfatningen av selve virkeligheten og dermed hva som var viktig å skrive om. Prosalitteraturen var rett og slett bedre egnet til å ivareta disse endringene. (Havnevik 2002:252)

Så kjem 1800-talet sitt siste tiår, og enda fleire epoketermar dukkar opp; bohemlitteratur, fin dei siècle og nyromantikk. Det har blitt hevda at det i 1890åra dukka opp ein ny type dikting som ein reaksjon på realismen og naturalismen. To omgrep som er nært knytt til denne overgangen er karakterskildring kontra individskildring. Noko som blant anna visar seg i ei sjangerdreiing frå romanen, gjerne i fleire bind, til lyrikken. Romanen har karakterskildringane sine og lange forteljingar mens lyrikken eignar seg til det subjektive og individuelle.

Men terrenget er alltid større ein kartet, litteratur tilhørande dei forskjellige karakteristikkane levde og lever side om side. Realismen er enno ikkje død, sjølv om den nokre gonger går under litt andre namn; skomakarrealisme, nyrealisme og magisk realisme, for å nemne nokre. Den romantiske tradisjonen lever også vidare. Så det er klart at for i det heile teke kunne orientere oss i det litterære landskapet på slutten av 1800-talet, så er kart gode å ha. Epoketermar overlappar kvarandre og blir brukte litt ulikt i forskjellige litteraturhistorier og forskingslitteratur, dette kan sjølvsagt verke forvirrande – men utan termar i det heile teke ville det vore fullt kaos.

PROBLEM UNDER DEBATT: REALISME I NORDEN
Georg Brandes si fråsegn frå innleiinga til ei forelesingsrekkje ved Københavns Universitet 3. november 1871: ”Det, at en Literatur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat. […] At en Literatur Intet sætter under Debat er det samme, som at den er ifærd med at tabe al Betydning.” (Brandes 1923:13) varslar i følgje dei fleste nordiske litteraturhistorier realismen sitt gjennombrott og den har blitt ståande som programerklæringa for ein realistisk litteratur i Norden (sjå for eksempel Andersen 2001:205). I Noreg blir realismen forbunden med blant anna forfattarar som Arne Garborg, Alexander Kielland, Jonas Lie og Amalie Skram – forfattarar som debuterte mellom 1870 og 1890. Utanfor Noreg har realismen som litteraturhistorisk periode fått andre tidsplasseringar. Det er i dei heile teke store nasjonale forskjellar i realismen si utforming og innverknad (sjå Lothe 1999:209). Sjølv om realismen er eit tøyeleg omgrep, så er den først og fremst knytt til ei litterær rørsle. ”The French were responsible for this movement. It began some time in the 1830s and had gathered a momentum by the 1850s. During the latter part of the century realism was the definite trend in European literature.” (Cuddon 1998:730)

Kva problem var det ein levande litteratur skulle setje under debatt? Det var ”[…] Forholdet mellem de to Køn […] Religionen […] Ejendommen”, ja rett og slett ”Samfundsforholdene”. (Brandes 1923:13) Korleis er ein slik litteratur og korleis tenkjer ein realismeforfattar om virket sitt? Arne Garborg skriv i eit brev til Georg Brandes kva han ville med Bondestudentar:

Romanen handler om – og søger at piske – den norske Usoliditet og Uselvstændighed m. m., og har bl. a. det bestemte Formaal at ægge op Bønderne til Mod og Manddom. Forresten er den i sin grundtendens statsøkonomisk, og med Hensyn til Stof er den specifik norsk. (Dale 1968:10)

Det må ein vel kunne kalle å setje samfunnsforholda under debatt? Skal ein trekkje noko generelt ut av Garborg sitatet kan ein vel tenkje seg at det ikkje er personane som har hovudrolla, men samfunnsmessige forhold. Det dreiar seg om ein litteratur med eit tilsikta formål om å uttale seg om politikk, moral og ideologi.

REALISME OG NATURALISME
Det kan vere vanskeleg å skilje realisme frå naturalisme. I form og stil er det mangt og mye som liknar. Blant anna vil ein ofte finne ein forteljar som presenterer hendingar han ikkje tek del i, detaljar speler ei framståande rolle og replikkar er ofte framstilte i dialekt. Forteljaren oppretthelder gjerne, i varierande grad, ein distanse til hendingane det blir fortalt om. Ein kan ikkje tenkje seg vasstett skott mellom naturalisme og realisme. Det er ofte naturalistiske innslag i romanar ein vanlegvis reknar for realistiske. Tydelegast er kanskje skiljet når det gjeld livssyn. Realistane reknar mennesket for eit fritt vesen som må ta konsekvensane av vala sine mens naturalistane er deterministar.

Begge grupper kan bruke autentisk stoff og ”levende modeller”, naturalistene gjør det i prinsippet alltid. Men til forskjell fra naturalistene vil realistene prøve å kamuflere modellen, kanskje smelte sammen flere modeller i én person, og gjøre skikkelsen mer ”typisk”. Lie vil ”gi alle de hundre i én”, som han skriver til Garborg i 1886, ” – og det er kunst, åndens grep i materien”.(Beyer 1995:73)

For realistane var bøkene ei talerør, med klart samfunnskritisk siktemål – det var tendenslitteratur. Personane skulle vere karakterar som tydeleggjorde forfattaren sin bodskap. Naturalistane freista på si side å beskrive dei oppskakande samfunnsforholda objektivt, og la lesaren trekkje konklusjonen. Ein naturalist som Hans Jæger skyldar realistane for å skape fantasiprodukt, i staden for å framstille det levande livet. (Beyer 1995:73) I så måte kan kanskje naturalismen seiast å stå for ein kontinuitet mellom realismen og nyromantikken?

For det er sjølve det levande livet som er nyromantikken si sak. Da held det ikkje lenger med karakterskildringar, ein vil dykke ned i ”[…] hele det ubevisste sjeleliv. Og da ville det bli færre bøker med den billige ytre psykologi, som aldri trevler en tilstand opp, aldri dukker ned i den sjelelige ransakelse.” (Hamsun 1890:212) Slik kan vi kanskje seie at skiljet mellom karakterskildring og individskildring, går ut på om forfattaren har ei sak å fremje eller vil skildre det indre liv.

DET UBEVISSTE SJELELIV: 1890ÅRA
Mot tendenslitteraturen og typeteikning framholdast i 1890åra litteraturen som ein reaksjon. Frå Georg Brandes sitt krav om å setje problem under debatt og karakterskildringar der typane skulle eksemplifisere moralske, religiøse, ideologiske og politiske holdningar dreidde litteraturen seg no mot individet. Ein ville høre ”blodets hvisken, benpipenes bønn[…]” (Hamsun 1890:212). No skulle individet sine kjensler under lupa. Som eg har vore inne på er det festa mange merkelappar på 1890åras litterære tendensar. Termar som: nyromantikk, symbolisme, dekadanse, impresjonisme, modernisme, fin dei siècle og bohem – alt antyder eit brott med realismen og naturalismen. Etter romanen sitt hegemoni i 1870 og 1880åra var det no igjen tid for poesi og lyrikk.

Prosadiktet dukkar opp i Noreg i 1890åra, særleg Vilhelm Krag og Sigbjørn Obstfelder bør nemnas i den samanhengen. Det er vanleg å føre prosadiktet tilbake til Charles Baudelaire og dermed også midten av 1800-talet. Men når Henning Howelid Wærp antologiserar Prosadiktet i Norge, set han 1890 som inngangsår. Så det er altså ei tydeleg rørsle mot lyrikken, det blir igjen dikt skrive, ein får ein ”ny” sjanger med prosadiktet og ”[…] prosaen var lyrisk. Hamsun sa selv om Pan at ”hvert kapittel er et dikt”.” (Engelstad 1996:127)

1890 er både eit pent og eit nyttig årstal i skandinavisk litteraturhistorie. Det er forholdsvis lett å peike på forskjellar mellom realismen og naturalismen på den eine sida og nyromantikken på den andre. Eg vel å kalle 1890åra for nyromantikk for enkelheta si skyld og for symmetrien – så blir realismen flankert av romantikk. Nyromantikk-omgrepet har også hevd som epoketerm for den norske litteraturen i 1890åra. Det går kanskje an å argumentere for at det eigentleg berre er forskjellige former for romantikk? ”Asbjørn Aarseth har sett seg føre å avskaffa heile [realisme-] begrepet og erstatta det med ulike former for romantikk, som liberalromantikk og sosialromantikk.” (Sørbø 2002:101)

Der realismen ville setje ting på dagsorden og tildels var tendensiøs, ville nyromantikken framheve det subjektive med vekt på naturmystikk som motsetning til det etablerte samfunn. Men biletet er ikkje så enkelt, ikkje alle forfattarar skifta stil og holdning ved eit trylleslag. Amalie Skram reknast som ”en av mest konsekvente naturalister i skandinavisk litteratur.” (Ettrup 1993:245) Heller ikkje alle som begynte å skrive i 1890åra vedkjende seg til nyromantikken sitt program. Det er vel helst dei som ønskte eit brott som gjer brottet tydeleg.

Når året 1890 nærmest blir en presis dato for det nittitallistiske omskiftet, har det å gjøre med at Knut Hamsun da både ga ut sin nyskapende roman Sult og publiserte en programartikkel som ble svært innflytelsesrik, der han tar til orde for en ny slags psykologisk litteratur. (Havnevik 2002:257)

I tillegg til Hamsun debuterte også typiske nyromantikarar som Obstfelder og Vilhelm Krag i 1890åra. Dette gjer det tilsynelatande lett for oss å snakke om eit paradigmeskifte rundt 1890.

EN MASKINS UBØNNHØRLIGE NØYAKTIGHET
Av norske forfattarar er vel Alexander Kielland den som mest typisk kan knytast til realismen, forfattarskapet fell fint inn under realismen tidsmessig og Kielland sjølv ønsket å vere ein farleg forfattar. Som han sjølv sa det: ”En Forfatter af min Art er ingenlunde en Læge, men han er Sygdommen […]” (Andersen 2001:252) Han var ein forfattar som ville setje problem under debatt, og allereie i den kjende novelletta Ballstemning, frå debuten Novelletter frå 1879, blir klassemotsetningar tydelege iscenesatt.

Kort fortalt er handlinga i Ballstemning ei kvinne som dreg til eit overklasseball i Paris. Ho er eigentleg hittebarn og frå underklassen, men har blitt redda av ein rik mann som ho gifter seg med. Ho har nesten gløymt fortida si, men i vogna på veg til ballet ser ho fattigfolk som roper skjellsord etter henne. Ho hugsar si fortid og skammar seg over si eiga lykke. Kompositorisk kan vi dele novelletta i tre delar, kor den første kan lesast som eit handlingsreferat av kvinna sitt liv fram til balldagen. Andre delen er vognturen og tredje og siste del er lagd til sjølve ballsalen. Vi ser det heile frå utsida og forfattaren kjem berre sjeldent tilsyne med små ironiske kommentarar.

Vi får raskt vite at ho er ein stor venleik med ein god natur, og at karakteren hennar eignar seg for takksemd. Ho blir altså presentert for oss ved utsjånaden sin og karaktereigenskapane sine, ho er ein type. Det ho skal representere er den fattige som, i utgangspunktet, gjer ei ureflektert klassereise. Det er urettvisa i samfunnet som skal visast fram. Ho er berre eit eksempel på ein mennesketype som har kome lett til det, og attpå ufortent. Slik representer karakteren hennar alle rike. Men først lèt Kielland oss sjå korleis det vanlegvis går den som veks opp i yttarste fattigdom:

Det var i grunnen kun et tidsspørsmål når lasten skulle gripe henne -; for – som et tannhjul griper den som kommer for nær en maskin – etter å ha virvlet henne rundt i et kort liv av skjensel og fornedrelse – med en maskins ubønnhørlige nøyaktighet å legge henne av i en krok, hvor hun ukjent og ukjennelig kunne ende dette vrengebilde av et menneskeliv.(Kielland 1879:175)

”Med maskinen og tannhjulet som modell for menneskelivets tilskikkelse er romantikkens idealisme et tilbakelagt stadium.” (Andersen 2001:254) Det er tendensen som er Kielland si sak. Den rike velgjeraren blir også gitt ein kort karakteristikk, han eig ”[…] den overflødige rikdoms uberegnelige luner […]” (Kielland 1879:175). Han er også ein type, og da dei begge berre er beskrivne med distanse og utanfrå kan vi godt kalle det karakterskildring eller typeteikning. Det er ikkje deira indre liv som er i fokus.

Når kvinna minnest i vogna på veg til ball, får vi tankane hennar indirekte via tankereferat. All handling er beskriven scenisk og vi får inntrykk av eit nøytralt og objektiv beskriving av hendingane. Det heile er ”sett” av forfattaren og oss som lesarar. Jan Inge Sørbø si beskriving av romanforfattaren Kielland treffer også godt på Ballstemning:

Den har alle kjenneteikn som kan knytast til realismen som formideal: autoral forteljar som fraktar lesaren hit og dit i romanuniverset, ser inn i dei han vil, og flytter blikket like fort attende til det allvitande overblikket. Her er grupper som står i kontrast til kvarandre, påvisning av sosial naud og urett, og karakterar som representerer kvar gruppe.
(Sørbø 2002:101)

Med ”en maskins ubønnhørlige nøyaktighet” ønskjer Kielland å gi oss eit utsnitt av røyndommen såg vi sjølv ser urettvisa og ønskjer oss den revolusjon som får dansegolvet til å bølgje: ”[o]g når det synes Dem at gulvet bølger mens vi danser, da er det fordi det sitrer under millioners hat.” (Kielland 1879:178)

Alexander Kielland er ein forfattar som har ei sak, han bedriv ”nyttepoesi”. Karakterane er ikkje viktige som sjelsvesen, det er ikkje hittebarnet i Ballstemning si personlege utvikling det skal forteljast om. Ho har vel heller ikkje nokon utvikling, men berre ei oppvakning. Den same oppvakning forfattaren ønskjer hos lesaren? Ho reflekterer ikkje over fortida si. ”Sin fortid hadde hun glemt. Hun hadde glemt den på samme måte som vi har glemt rosene, silkebåndene, og de gulnede brev fra vår ungdom, fordi vi aldri tenker på dem.” (Kielland 1879:176) Vendepunktet hennar, sjølve oppvakninga, kjem etter at ho har måtte kjøre vogn gjennom Paris’ fattigkvarter. Det er først når ho blir direkte konfrontert med fortida si ho tek seg tid til refleksjon. I dette tankereferatet blir forteljinga sin tendens tydeleg:

For første gang i hennes liv stod hennes lykke for henne som en urettferdighet, som noe hun skammet seg ved.
Var dette hennes plass, i den bløte, elegante ekvipasje, blant disse tyranner og blodsugere? Hørte hun ikke snarere til der ute i den bølgende masse blant hatets barn?
(Kielland 1879:177)

Kanskje ikkje heilt overraskande har det også vore Kielland sine tema og saker som har opptekne kommentarane, i alle fall i den første tida. Når det er sagt, så er det vel hevt over tvil at Kielland sin styrke er forma. Han er ein meister i å komponere, noko som også viser seg i Ballstemning.

JEG VAR DET SPIRENDE BLAD PÅ BIRKEN
I tillegg til Hamsun si utgiving av Sult og publiseringa av programartikkelen Fra det ubevisste sjelelivet, er enda ein ting som skjer i 1890, nærmare bestemt 25. oktober, som varslar nyromantikken. Jens Thiis les Vilhelm Krag sitt dikt Fandango på eit møte i Studentersamfunnet.
Opplesaren fortel seinare: ”Da diktet var ferdig, braket det løs et bifall, som jeg sjelden har hørt maken til. En ny ungdommens dikter sto der i døråpningen og ble hyldet.” (Andersen 2001:303) Vilhelm Krag markerte seg også som nyromantikar ved å vere ”[…] den første i Norden som ga ut en prosadiktsamling, Nat. Digte i prosa, 1892.” (Wærp 2002:20) Men kva er så nyromantikk?

Nyromantikerne levde seg inn i naturen. Den var vakker, farlig, lokkende, mystisk. Naturen hadde sjel. For realistene og naturalistene hadde naturen vært en del av miljøet, noe som var med på å forme mennesket. For nyromantikerne var naturen noe religiøst. De følte seg i slekt med den, naturen var guddommelig.
(Engelstad 1996:127)

Denne naturmystikken hadde som ein konsekvens at besjeling var blant nyromantikarane sin mest brukte troper. Som her i dei første linjene i opningsdiktet, Første nat, i Vilhelm Krag sin før nemnde prosadiktsamling: ”Lun er løvets luft, lys er maiens nat, varm er dens ånde, som stryger min kind. Dystert er der i havernes dyb og over de øde veie.” (Wærp 2002:20) Dette er fjernt frå realismen si karakterskildring, her er vi mitt i det kjenslevare sinnet. Naturen er ikkje objektivt beskriven som noko der ute. Tvert imot flyt menneske og natur i kvarandre. Det er heller ikkje naturen som har hovudrolla, det er individet – teksten sitt eg. ”Da ønsker jeg, at jeg var det spirende blad på birken, der ånder duft i maiblød luft, da ønsker jeg, at jeg var en faldende dråpe, der klang og sank og drukned i nattens fred.” (Mine uth.) (Wærp 2002:21) Det er den subjektive, unike kjensla som skal bli utroken.

EN REGNDRÅPE!
Til trass for at Vilhelm Krag på mange måtar har blitt ståande som ”nyromantisk signalskikkelse” (Andersen 2001:303), er han ikkje spesielt mye lesen i ettertida. Lese blir derimot Sigbjørn Obstfelder. Jeg ser er vel blant dei mest lesne dikt i norsk litteratur. Diktaren og diktet har i folk sitt medvett blitt nesten identisk. I dette diktet er også individet i fokus, av i alt 19 vers begynner 11 med ”jeg”. Obstfelder skriv om eg-forma: ”Den dramatiske form søger at skabe mennesker efter deres ydre træk, i store linjer. Jeg-formen er født av trangen til at gå helt tilbunds i det menneske eller den enkelte sindstilstand man ser for seg.” (Obstfelder 1993:242)

Få, om nokon, annan enkelt tekst har ein så tydeleg markørfunksjon som Jeg ser. Som nemnt er Obstfelder nærmast identisk med sitt eige dikt. Saman har dei blitt markør for modernismen fødsel i Skandinavia. ”Symbolist in conception, Obstfelder’s poetry, with its free verse and urban imagery, anticipates Scandinavian modernism.” (Preminger 1993:842) Diktet viser oss det fremmendgjorde mennesket, det mennesket, som med Freud sine ord, kjenner ubehaget i kulturen. Saman med Edvard Munch sine bilete og Knut Hamsun sin roman Sult, har Jeg ser blitt 1890åra for oss i ettertida.

Diktet er bygt opp av anaforer og parallellismar. Det første vi legg merke til er anaforen ”jeg ser”, og det er naturleg å undersøkje kva ”jeg ser” (diktet blir sitert etter Obstfelder 1993:19). Blikket flytter seg frå den kvite himmelen med skyer og ”blodige sol” ned til ”dei høie huse” med vindauge og ”de fjerne kirketårn”. Rørsla går ovanfrå og ned, og frå natur til den menneskeskapa. Tilslutta fell blikket på menneska sjølv, og han føler seg fremmend og på ”feil klode!” Etter å ha sett på himmel og skyer og slått fast at ”Dette er altså klodernes hjem.” får han syn på ei regndråpe. Blikket si rørsle får ein parallell i naturen. Som regndråpa fell også blikket frå himmelen og ned på jorda, til menneska. Så er det kanskje heller ikkje naturen som skaper fremmendkjensla, men menneska?

Her er det den sjåandes heilt subjektive og individuelle opplevinga som blir formidla. La gå at det sidan har blitt ståande som typisk 1890åras fremmendkjensle og at det er mange som kan kjenne seg igjen. Obstfelder besjelar, sola er blodig. Besjelinga er kanskje ikkje like tydeleg og eksplisitt som i Vilhelm Krag sitt prosadikt, men også i Jeg ser underbyggjer naturen eg’eit sine stemningar og kjensler. Sola forsvinn, skyene blir tunge og til slutt fell regnet – i takt med eg’eit sine kjensler. Sit ein innandørs og ser ut gjennom eit vindauge det regnar imot, vil verda sjå forvrengd, forandra og fremmend ut.

PARADIGMESKIFTE?
Når eg har valt lyrikk til å representere 1890åra er det blant anna fordi det er vanleg å snakke om ein lyrisk renessanse i samband med nyromantikken. Denne sjangerdreiinga viser også forskjellen i det litterære programmet til realistane og nyromantikarane. Romanen eignar seg godt til vise karakterar som aktørar i eit samfunn. Realismeforfattarane hadde ei sak å fremme.

Dermed blir litteraturens oppgave i høy grad informerende, idet forfatterne peker på det som er galt i samfunnet og som hindrer utviklingen av den personlige frihet. Samfunnet kunne riktignok virke undertrykkende og urettferdig, men det kunne forandres. Altså kunne man appellere til folks fornuft og rettferdighetssans og slik påvirke makthaverne til å forbedre samfunnet. Dette ville forfatterne være med på, ved å skrive slik at folk ønsker å gjennomføre reformer. Ingen av disse oppgavene ligger spesielt godt til rette for lyrikken, som dermed måtte finne seg i å stå i skyggen i noen år.
(Havnevik 2002:252)

Slik skriv Ivar Havnevik i Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200 – 2000, og det er ein ganske vanleg å oppfatte 1890 ”[…] som en vårbruddets tid i norsk diktning: etter en lang prosaisk vinter er isen endelig smeltet, og lyrikkens muntre bekker flommer atter fritt-.” (Nettum 1995:63)

Sjølv om denne dreiinga mot det lyriske tydeleggjer skiftet mellom karakterskildring og individskildring, skal vi vel vere forsiktig med å tru at forandringa kom som eit sjokk. 1890 er visstnok eit år med sensasjonar: Sult, Det ubevisste sjeleliv og Fandango, og det er eit pent og rundt tal – godt eigna som markør for eit skilje. Men det er vel så viktig å vektleggje kontinuiteten som brottet. Obstfelder er ikkje ueinig i reformkrava frå 1880åra, og i artikkelen Jeg-formen i litteraturen legg han ei nesten naturalistisk syn til grunn ved å påstå at eg-forma er sannare. Og uansett kor sint Hamsun var på turne i 1890, så blir han karakterskildrar allereie i Redaktør Lynge frå 1893. Men forfattarane eigne førestellingar om realisme og nyromantikk er seigliva. At realismen er meir virkelighetstro enn annan litteratur er ein arv vi har frå realistane. På same måte tek vi det for god fisk at 1890åra står for noko nytt – det har vi jo Hamsun sine ord for.

Uansett er det frå denne perioden førestellinga om det moderne mennesket, slik vi kjenner det i dag, stammar frå. Angst og fremmendkjensle får uttrykket sitt i kunsten. Det skjer ikkje berre i litteraturen, men også i malarkunsten. Mest typisk kanskje i Munch sine bilete Skriket og Aften på Karl Johan. Samtidig som forfattar i Norden vil granske sjela og ønskjer seg ein psykologisk litteratur, gir Sigmund Freud ut sine første verk; Om afasi i 1891, Studier i hysteri i 1895 og Drømmetydning i 1900. Det er på slutten av 1800-talet det moderne mennesket, med fremmendkjensle, angst og fragmentert eg blir fødd. Dette skjer ikkje i litteraturen, men bli reflektert i den.

KJELDER:
Andresen, Per Thomas 2001. Norsk litteraturhistorie. Universitetsforlaget
Beyer, Edvard [red.] 1995. Norges litteraturhistorie. Bind 3. Fra Ibsen til Garborg. Cappelen
Brandes, Georg 1923. Hovedstrømninger i det nittende aarhundredes literatur. Forelæsninger holdt ved Københavns Universitet i efteraarshalvaaret 1871. Bind 1: Emigrantlitteraturen. Sjette gjennemsette udgave. Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag
Cuddon, J. A. 1998. The Penguin Dictionary of Literary Terms and Literary Theory. Fourth Edition. Penguin Books
Dale, Johs. A. 1968. Innleiing. I: Garborg, Arne 1968. Bondestudentar. I: Norges nasjonalliteratur. Bind 15. Aschehoug
Engelstad, Arne, Engelstad, Ingelin, Veka, Olav og Waagaard, Mari Beinset 1996. Bruer. Norsk språk og litteratur. VK1 og VK2. Aschehoug
Ettrup, Lise, Árnadóttir, Kristin S., Raivo, Vuokko, Rottem, Øystein og Thorson, Staffan [red.] 1993. Det modernes gjennombrudd i Norden. LNU/Cappelen
Hamsun, Knut 1890. Fra det ubevisste sjeleliv. I: Engelstad, Arne, Engelstad, Ingelin og Waagaard, Mari Beinset 1996. Bruer. Norsk tekstsamling. VK1 og VK2. Aschehoug
Havnevik, Ivar 2002. Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200 – 2000. Pax Forlag
Kielland, Alexander 1879. Ballstemning. I: Engelstad, Arne, Engelstad, Ingelin og Waagaard, Mari Beinset 1996. Bruer. Norsk tekstsamling. VK1 og VK2. Aschehoug
Lothe, Jakob, Refsum, Christian og Solberg, Unni 1999. Litteraturvitenskapelig leksikon. Kunnskapsforlaget
Nettum, Rolf Nyboe 1995. Generasjonen fra 1890-årene. I: Beyer, Edvard [red.] 1995. Norges litteraturhistorie. Bind 4. Fra Hamsun til Falkberget . Cappelen
Obstfelder, Sigbjørn 1993. Dikt i samling – prosa i utvalg. Gyldendal
Preminger, Alex og Brogan, T. V. F. 1993. The New Princeton Encyclopedia of Poetry and Poetics. Princeton University Press
Sørbø, Jan Inge 2002. Kielland – bortanfor realismen. I: Michelsen, Per-Arne og Røskeland, Marianne [red.] 2002. Forklaringer. Litterære tekster lest på nytt. LNU/Fagbokforlaget
Wærp, Henning Howlid [red.] 2002. Prosadiktet i Norge. En antologi 1890 – 2000. Aschehoug

Advertisements
Dette innlegget ble publisert i litteratur, poesi, skole, skrive og merket med , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s