Oppbrot og heimkomst

Å reise kan tyde så mangt og mykje. Det inneberer i alle fall ei rørsle, ei drift. Etymologien fortel oss at det er i slekt med engelsk ”rise” og av det ble det til ”det at rejse sig for at drage av sted” (Nudansk Ordbog,). Altså ei stigande rørsle. Såleis er det forståeleg at det er eit grunnmotiv og grunn­tema i lyrikken, sidan den var ein lovsong til gudane. Orda skulle stige til himmels og blidke gudane. Lyrikken reiser eit tårn, så me kan sjå utover våre eigne liv. Men med reise forstår me først og fremst ei ferd, noko som tar oss med til ein annan stad.

 

I dette essayet skal eg sjå på reisa som motiv og tema. Då er det kan hende greitt å  hugse at essay ofte blir forklart som ei vandring i emnet. Og då er vel eg ein reiseleiar, så eg seier som i eventyret; vil du vere med, så heng på. Eg skal prøve å ta dykk med på ei lita vandring gjennom mine tankar kring lesinga av nokre dikt. 

 

Å lese er  ei reise, som i beste fall kan ”nøre hugen til å ferdes utenfor oppstukne veier og i ukjent terreng” (L97). Lyrikklesaren er ein nyfiken lesar.  Trongen etter det ukjende er ei drivkraft i mi lesing av lyrikk. ”…ingen kan vide sig sikker på, hvor vi ender. Det er poesiens lykkelige risiko.” (Mai, s. 78). Men òg trongen etter å lage mi eiga historie. Til det treng eg språk. ”Den som ikke bruker sin fantasi og bygger opp sitt eget språk, den under­kaster seg makt­språket, taler med andre tunger…” seier Gianni Rodari.

 

Lyrikken kan hjelpe meg å få eit eige språk. Poesi handlar om ein språkleg konsentrasjon. Dikt er språkkunnskap omsett i skrift. Ord er ikkje poetiske i seg sjølv, det handlar  om ein poetisk bruk av språket. Såleis krev det eit språkleg medvit ikkje berre hos lyrikaren, men òg i høg grad hos lesaren. ”Språkutvikling er nær knytt til forming av personleg­dommen.” (L97) Eksistens kan verte stadfesta gjennom skrift. Og meir enn stadfest, ein kan byggje ut eigen biografi med andres tekstar. Eg har vore oppteken av forskjellige lyrikarar og forfattarar i ulike fasar av livet. Noen vert berre ei ungdoms­forelsking, andre følgjer meg nært over lengre tid. Men alle har dei tala til meg om noko som er viktig i livet mitt. Dikt eg les vert kart over mi livsreise.

 

RART

Jeg sitter vilsken

midt i uvega skogen

og spikker på en veiviser…

(Hans Børli (1918-1989))

 

Litteraturen kan vere ein uvega skog. Dikt peikar, men ein ser ofte ikkje før i ettertid kor ein skulle. Ein må vere villig til å ta sjansar og til å tråkke feil.

 

            Mange tykkjer det er keisamt å lese lyrikk, og dei har rett i at det finst dårlege og inkjeseiande dikt. Men av alle dikt som finst, så er det ikkje rart om dei første ein les ikkje treffer. Ein må orientere seg. Alle reiser startar med dei første skritta, om dei er aldri så famlande.

 

Og reisa er eit klassisk symbol på sjølve livet. Men kven sitt liv? Han som berre leitar i poetens eige liv etter svar på diktets gåte, er på ville vegar. Som eg før har nemnd, så er det når diktet talar om mitt liv eg føler trongen til å lese på ny og nært. Vere med på reisa, så å seie.

 

OPPBRUDD

Sett nok. Visjonen møtte seg selv overalt.

Hatt nok. Byenes sus, kvelden, i solen, og alltid.

Skjønt nok. Livets stoppesteder. – Å Sus og Visjoner!

Oppbrudd i ny hengivenhet og ny larm!

(Arthur Rimbaud (1854-1891))

 

Dette er føre reisa, dette er kvifor ein reiser. Motivet er oppbrotet og det å ha fått nok, og reisa eit symbol for livet; ”livets stoppesteder.” Her er eg, men her er ingenting for meg. Eg må vidare. Rimbaud teiknar inga mål, og reisa synest ikkje vere målet i seg sjølv. Målet er å bryte opp. Ein må alltid bryte opp for ikkje å stivne i forma. Eg tykkjer dette diktet osar av ungdommeleg over­mot.

 

Det minner meg om mi boksluking i tidlege år. Eg ville vidare, lese nye ting. Oppleve ”Sus og Visjoner”. Dikta skulle røre i fart. Eg hadde ikkje tid til refleksjon. Men etterkvart blir det lengre mellom dei dikta som tar frå ein pusten. Etter å ha lese mengder, spreidd og usystematisk, kom ynskjet om fordjuping. Lesing vart orientering og å nøste opp tekstas trådar. No ville eg forstå og setje i samanhang.   

   

Me ror og me ror, men kjem me av flekken? I Paal Brekkes (1923-1993) Roerene fra Itaka er reisa motiv, men framfor alt eit symbol. Me opplever ikkje reisa som verkeleg, men som eit bilde på livet. Reisa er metaforisk fordi det er ei samansmelting mellom to førestillingar, reisa og livet. Desse to førestillingane verkar på kvarandre og det vert eit spenningsforhold mellom dei. Ein så utbygd metafor som me møter her, kallast gjerne ein allegori. 

 

Homers Odysséen spelar med i diktet heile vegen. Etter krigen i Troja vende Odyssevs nasa heim mot Itaka. Kor Brekkes Odyssevs er på veg, er ikkje like klart:

 

Vi skjærer i båtripen enda et hakk

for enda en dag

et øyemerke mot ingenting

ingenting?

La oss i fred!

Og vi slår på radioen

(Paal Brekke)

 

Men likevel er han ”blå av lengsel”. Lenge vil han berre bort frå ei tid og eit samfunn han ikkje trivst i, ”…der livet er noko utvendig som hender med oss (”Åren som ror i vår hånd”)…” (Pollen, s. 56). Diktet til Brekke kan sjåast på som ein diagnose av det moderne samfunn. Eit samfunn der berre dei som blir beundra og attrått veit at dei eksisterer; ”de så oss vel?/ noen må se oss!”.

 

Men Roerne fra Itaka er, som Odysséen, eit heimferdsdikt. ”…roarane frå Itaka (skal) ein stad, dei blir alle drivne fram av ei forestilling om ein ankomststad, ei heimadresse, sjølv om dei ikkje er like sikre på kvar ho er: Å halde fast og levande denne forestillinga, opphavs­draumen, er nett det diktet har å kjempe for.” (Pollen, s. 57)  

Å, lenge lenge har vi vært borte

vi vet ikke mer fra hvem eller hva

(Paal Brekke)  

 

Det tek tid å kome heim. Homers Odyssevs tok det tjue år med ankomst og oppbrot å finne sitt Itaka. Grekarane hadde tid å vente. Helten kjem heim. For oss verkar det heile meir usikkert. ”Itaka! Er der et Itaka!” Vi får berre håpe at når Brekkes Odyssevs finn sitt Itaka, vil han sjå at det «gjeng an å leva i kvardagen òg».

 

KVARDAG

Dei store stormane

har du attum deg.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,

du berre var i stormen,

var i elden.

Men det gjeng an å leva

i kvardagen òg,

den grå stille dagen,

setja potetor, raka lauv

og bera ris,

det er so mangt å tenkja på her i verdi,

eit manneliv strekk ikkje til.

Etter strævet kan du steikja flesk

og lesa kinesiske vers.

Gamle Laertes skar klunger

og grov um fiketrei,

og let heltane slåst ved Troja.

(Olav H. Hauge (1908-1994))

 

Her er reisa over. Gamle Laertes, veit me, er far til Odyssevs og konge av Itaka. Laertes har hatt sin del av eventyr og reiser, som ein av argonautane. I Hauges dikt er det ikkje mykje av Rimbauds oppbrotstrong eller Brekkes uro. Her er motivet ro, at det er godt å kome heim. Reisa har vore stri og stormfull, men det er over no. For Laertes var reisa verkeleg nok, men me les den mest symbolsk. Som stormen og elden er symbol på ungdommen.  

 

Oppbrot, reise, heimkomst – ringen er slutta. I desse  dikta og dette essayet, men livet er vel òg slikt? ”Anten ferda går føre seg i bøkene, i kunstverk, i fantasien eller i røynda, er augo vende mot kreativ menneskeleg handling.” (Stegane, s. 24) Og reisa er derfor eit ynda motiv og tema i lyrikken. Å skrive er ein kreativ menneskeleg handling, som ofte handlar om å finne fram og heim i eige liv. Alle reiser er ei reise heim.

 

Hver har sitt Itaka, hvisker en stemme

hver sin øy i havet

en blinkende sten i fjæren

det blånende utsyn der oppe fra klippene

(Paal Brekke)

 

Ungdom er uro og oppbrot, så ein sett ut på livsferda. Der hender mykje, ein ror og ror. Og så til slutt, heikomst og avklara ro. ”Det gjeng an å leva i kvardagen òg.” Det er von i eit slikt syn.

 

Sjølv om eg reknar med at livet har nokre fleire stormkast å by på, tykkjer eg me skal følgje Olav H. Hauge si oppmoding, og avsluttar med eit kinesisk vers:

 

RETURN TO NATURE

While young, I was not used to worldly cares,

And hills became my natural compeers,

But by mistake I fell in mundane snares

And thus entangled was for thirteen years.

A caged bird would long for wonted wood,

And fish in tanks for native pools would yearn.

Go back to till my southern fields I would

To live my rustic life why not return?

My plot of ground is but ten acres square;

My thatched cottage has eight or nine rooms.

In front I have peach trees here and plums there;

O’er back eaves willow trees and elms cast glooms.

A village can be seen in distant dark,

Where plumes of smoke rise and waft in the breeze.

In alley deep a dog is heard to bark,

And cocks crow as if o’er mulberry trees.

Into my courtyard no one should intrude,

Nor rob my private rooms of peace and leisure.

After long years of abject servitude,

Again in nature I find homely pleasure.

(Tao Qian (365-427)) 

 

__________________

LITTERATURLISTE:

Brekke, Paal: Dikt 1949 – 1972 (1978), Aschehoug

Børli, Hans : Samlede dikt (1995), Aschehoug

Hauge, Olav H.: Dikt i samling. 6. utgåva. (1994), Samlaget

Kittang/Aarseth: Lyriske strukturer. 4. utgave (1998), Universitets Forlaget

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) (1996), Nasjonalt læremiddelsenter

Mai, Anne-Marie: At læse digte (1991), Borgen

Meadows, Gilbert: An illustrated dictionary of Classical Mythology (1978), Bloomsbury Books

Nudansk Ordbog (1986), Politikens Forlag

Nynorskordboka (1998), Samlagets oppslagsverk

Pollen, Geir: ”Gi oss tilbake vårt Itaka” i: Larsen/Ruste (red.): Og ordet ble ord. Essays om Poesi. (1998), Aschehoug

Stegane, Idar: ”Her har eg butt…men eg har ikkje roa meg” i: Hauge, Olav H.: Mange års røynsle med pil og boge. 2. utgåva. (2000), Samlaget

Songs of the immortals. An anthology of classical Chinese poetry  (1994), Penguin Books

Advertisements
Dette innlegget ble publisert i litteratur, poesi, skole, skrive, venelaget olav h. hauge og merket med , , , , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Ett svar til Oppbrot og heimkomst

  1. Stefan sier:

    Dette essayet hadde jeg også på trykk i tidsskriftet Norsklæreren, for flere år siden.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s